Skip to content Skip to main navigation Skip to footer

Street legal Eikås 27-28 Juni

Då kan me opna for førehandspåmelding for street legal 27-28 juni.
Det er viktig at du som meldar deg på les heile dette innlegget, ikkje berre mailadressa for påmelding. 😉

Bindande påmelding innan 20/6, då me er avhengig av å ha eit visst antall deltakarar for å kunne gjennomføra løpa. Betaling vert difor påkrevd ved påmelding, per vipps eller nettbank.
Dersom me som arrangør må avlysa løpa grunna vêret eller for lite påmeldte får du sjølvsagt påmeldingsavgifta tilbake. Men om du vel å ikkje stilla eller må bryta løpet så kvalifisera ikkje det til å få refundert påmeldingsavgifta.
Det er ikkje anledning til å melda seg på løpsdagane, kun førehandspåmelding.

Det er per dags dato ikkje anledning til å ta med seg nokon til arrangementet, dette er kun eit arrangement for førarane. Det er ikkje anledning for sit-in eller øvelseskøyring grunna situasjonen med begrensa mengde personer og smittevern. Dersom me vel å endra dette før løpa skal me sjølvsagt koma med info om dette. Junior dragster har sjølvsagt anledning til å ha med følgeperson.
Me må prioritera førarane i første omgong, forhalda oss til smittevernsreglar og sørga for at me kan gjennomføra dette på ein god og trygg måte.

All påmelding skal skje per Mail til Marianne på mariannebreistein62@gmail.com, innan 20/6.
Du må ha med følgande informasjon ved påmelding. Navn, adressa, telefon, Mail, kva klasse du skal køyra i, kva dag/dagar du skal delta. Vi må føra lister med kontaktinfo på alle deltakande i tilfelle smitteutbrot.
Når Marianne bekrefter påmeldinga di vert du beden om å betala påmeldingsavgifta. Kr 500,- per dag.
Betal per vipps til Street-legal samarbeidet i Bergen innsjekk 93624 eller via nettbank til kontonr BSLT 3633 52 51886.
All innbetaling må merkast med navn på føraren.
I etterkant av påmeldinga vil du på tilsendt eit infoskriv (sidan situasjonen er som den er no) og tilleggsreglane per Mail. Det er viktig at du som deltakar leser dette, særskild infoskrivet der det er info om våre smittevernstiltak!

Me påpeikar at dersom du har teikn til sjukdom/luftvegsplagar eller er i karantena på løpsdagen skal du sjølvsagt ikkje delta på arrangementet!
Me gledar oss til dette og me ynskjer å gjera det så trygt og greitt for dei deltakande som mogleg! Då er det viktig at alle bidreg!

Puh, har eg fått med alt no? 😅